Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

VÅRE menneskerettar må inn i norsk lov no!

FFO Vestland er eit fylkeslag i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon . FFO er ein stor paraplyorganisasjon for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi har heile 87 medlemsorganisasjonar med over 350 000 medlemmer. FFO arbeidar for medlemane sin livskvalitet, likestilling og full deltaking i alle samanhengar i livet. Nokre har trong for omfattande rehabilitering, medan andre treng tilrettelegging, hjelpemidlar og kunnskap i det å meistre kvardagen. Kvifor markerar vi FN-dagen 3. desember for funksjonshemma, les meir her.

Funksjonshemma vert utsett for systematisk diskriminering på alle samfunnsområde. Ein ny juridisk rapport syner at norsk lov ikkje vernar funksjonshemma mot diskriminering. Noreg tek heller ikkje vare på funksjonshemma sine menneskerettar og lik rett til deltaking.

FFO har i mange år vore kjend med at funksjonshemma opplever diskriminering. Funksjonshemma born får ikkje den tilrettelegginga dei har rett til, arbeidstakarar slit med å stå i arbeidslivet og det er ikkje krav til tekst på alle medieplattformar, for å nemne nokre. Dette er ikkje godt nok.

FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) er underskrevet av Noreg, men ikkje teken inn i norsk lov på lik linje med dei andre menneskerettskonvensjonane. Vi krev at CRPD må takast inn i Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettslova) NO!

Det har teke alt for lang tid å sikre funksjonshemma deira menneskerettar. FN-konvensjonen vart vedteken i 2009. Norge signerte (ratifiserte) ikkje før i 2013. Regjeringa har i si erklæring sagt at CRPD må inn i norsk lov. Men det haster.

Det er våre menneskerettar det handlar om. Vi må få våre menneskerettar inn i Menneskerettslova. Og det må skje no!

Bli med på markeringa laurdag 3. desember på Torgallmenningen i Bergen kl. 16.00! Meir informasjon finn du på vår Facebook side.

Resolusjonen ble vedteken på FFO Vestlands årsmøte i mai.