FFO Vestland
Kontaktinformasjon
FFO VestlandVibecke Magnus, fylkessekretær
Mobil: 94487908
Katrine Karlsen, vikar konsulent
E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no
Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)
Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN
Tilskudd til musikkprosjekt for døve
Hordaland fylkeskommune gir penger til et nytt prosjekt for døve for musikk, konsert og performance.
Satsar 850.000 kr på musikk for døve
Musikk som døve kan høyre og føle blir eit event-, konsert og performanceprogram over seks veker under Bergen Assembly i september neste år. Nordahl Grieg videregående skole er ein av over 20 samarbeidspartnarar. (Her frå ein konsert med elevar ved skulen). (foto. Bjarte Brask Eriksen)
Nybrottsarbeid – Kultur- og ressursutvalet syntest dette er eit prosjekt som er verdt å støtte. Dette er nybrottsarbeid for døve og får regional og nasjonal betydning. Universell utforming er viktig. Alle skal bli inkludert, seier Anne-Beth Njærheim, leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland.
Skal høyre og føle lyd Bergen Assembly er ein triennale, ein arena for samtidskunst som blir skipa til kvart tredje år. Til arrangementet neste år skal det byggast mange nye instrument for døve og hørselshemma, instrument som verda tidlegare ikkje har sett. Instrumenta blir bygt ut frå teoriar til amerikanske universitet for døve. Det skal resultere i instrument, lydmaskinar og installasjonar som skal gjere at døve skal kunne høre og føle lyd.
Lanserast i Europa Prosjektet skal utviklast parallelt i Hordaland, USA og Tyskland og lanserast i Europa under Bergen Assembly 2016 gjennom eit event-, konsert og performanceprogram over seks veker. Dette skjer i samarbeid med over 20 institusjonar, mellom anna Nordahl Grieg videregående skole, som er knutepunktskule for hørselshemma i Hordaland. Resultatet skal leve vidare etterpå til glede for døve og høyrande i Hordaland og resten av verda.
Verkemiddel Totalt har kultur- og ressursutvalet løyvt 6,2 millionar kroner til kulturelt utviklingsprogram for 2015. KUP er verkemiddelet Hordaland fylkeskommune har til større satsingar i kulturlivet i fylket til nyskapande og målretta prosjekt initiert av kulturlivet sjølv.
Mange gode søknader Det er stor fagleg og kunstnarleg breidde i prosjekta som får pengar. Dei fleste sjangrar og felt innan kulturlivet er representert, både det frivillige og profesjonelle.
Slik blir dei 6,2 millionar kronene fordelt:
Amatørkulturrådet i Bergen: Regionale Amatørkulturråd i Hordaland: 150 000 kr
Austrheim kommune: Nyskapande formidling av fiskarbonden: 75 000 kr
Bergen Assembly: WITHIN: 850 000 kr
Bergen Kunsthall: Fylkesorientert nettverksbasert residency-prosjekt: 195 000 kr
B-open: Nye nettverks- og formidlingstiltak for B-open: 400 000 kr
Brak: Bergen Song:Expo: 210 000 kr
Bømlo teater: I slik ei natt: 300 000 kr
Hordaland musikkråd: Grunnkurs akustikk: 115 000 kr
Kunstgarasjen: Utviklingsår for etablering av Kunstgarasjen: 375 000 kr
Kunsthuset Wrap ved Stiftelsen History Disposal Unit: AV Lab: 375 000 kr
Museumssenteret i Hordaland: Tekstilkultur III: 180 000 kr
Norsk Publikumsutvikling: Publikumsatlas Bergen og Hordaland: 200 000 kr
NORZEN v/Ian Ward Garlant: Fokuskurset: 90 000 kr
Oseana Kunst og Kultursenter: Formidlingsmodell: 525 000 kr
Proscen - produsentenhet for scenekunst: Mobil Rådgivning: 280 000 kr
Radøy kommune: Digital formidling av steinalderhistoria i Fosnstraumen: 150 000 kr
Stiftelsen Ole Bull Akademiet: Folkedans i Hordaland: 425 000 kr
Stord kommune: Leirvik fyrstasjon: 155 000 kr
Sunnhordland museum: Spor etter kraftproduksjon i landskapet: 300 000 kr
Vestnorsk kulturakademi/Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger: Utviklingsmidler til bygningsvernsenteret Voss/Hardanger: 850 000 kr
Sakset fra nettsidene til Hordaland fylkeskommune: http://www.hordaland.no/Aktuelt/Nyhende/Satsar-850000-kr-pa-musikk-for-dove/