Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

Siste kveld for tannlegevakt

Det er litt trist, men spennande å flytte i heilt nye lokale, seier tannlegesekretær Sissel Eliassen som 19. februar hadde siste kveldsvakt på tannlegevakta i Vestre Strømgate i Bergen saman med tannlege og klinikkleiar Tom Bagaas. I 33 år har Tannlegevakta og Bergen legevakt vore samlokalisert midt i Bergen sentrum, men Mediebyen Bergen skal overta lokala. 

Den siste kvelden sat pasientane på rekkje og rad utanfor og venta på tur utan å vite at dette var siste kveld.

Knekte fortenner
– Eg har vore her før, så eg visste kvar tannlegevakta er, seier Ida-Kristin Frogner. Ho har hatt eit uheldig oppleving på ein full buss der ei dame ved eit uhell kom til å slå olbogen rett i ansiktet på ho.
– Eg knekte halve fortanna og ein bit fall frå den andre fortanna, fortel Frogner.

– Eg knekte halve fortanna og ein bit fall av den andre fortanna då ei dame ved eit uhell slo albuen rett i ansik-tet mitt på ein overfull buss, fortel Ida-Kristin Frogner. Tannlege Tom Bagaas reparerte tennene.
– Eg knekte halve fortanna og ein bit fall av den andre fortanna då ei dame ved eit uhell slo albuen rett i ansiktet mitt på ein overfull buss, fortel Ida-Kristin Frogner. Tannlege Tom Bagaas reparerte tennene.

Vemodig
Tannlege Tom Bagaas reparerte tennene og ein glad pasient kunne forlate tannlegevakta. Bagaas har jobba ved tannlegevakta sidan 1993 og vore klinikkleiar dei siste sju åra.
– Det er litt vemodig å slutte her etter meir enn 20 år. Vi har vore samlokalisert med Legevakten og hatt godt samarbeid. Legar har kome inn til oss for å sjå på pasientar, og vi har vore hos dei. No blir vi skilt frå kvarandre. I dei nye lokala i Solheimsviken blir vi i to separate hus, men det blir så nært at vi kan sende pasientane rett over vegen til kvarandre, seier Bagaas.

Først Årstad, så Solheimsviken
Lokala i Solheimsviken blir ikkje ferdige til innflytting før til hausten. I mellomtida skal tannlegevakta ha lokale hos Årstad tannklinikk i Årstadveien 21, overlege Danielsens hus som ligg vis-a-vis det nye odontologihuset. Opningstidene er kl. 18.00 til 20.30 måndag til fredag. Laurdag, søndag og heilagdagar er tannklinikken open kl. 15.30 til 20.30. Telefon 57 30 31 00.

Tannlegesekretær Sissel Eliassen har jobba 11 år på tannlegevakta. Ho ser fram til å kome i nye lokale i Sol-heimsviken ut på hausten ein gong. I bakgrunnen tannlege Tom Bagaas og Ida-Kristin Frogner
Tannlegesekretær Sissel Eliassen har jobba 11 år på tannlegevakta. Ho ser fram til å kome i nye lokale i Sol-heimsviken ut på hausten ein gong. I bakgrunnen tannlege Tom Bagaas og Ida-Kristin Frogner
 i tannlegestolen.

Ida-Kristin Frogner ventar i køen for å kome til siste kvelden på tannlegevakta. Ho har fått slått ut delar av to fortenner ved eit uhell på ein overfylt buss.
Ida-Kristin Frogner ventar i køen for å kome til siste kvelden på tannlegevakta. Ho har fått slått ut delar av to fortenner ved eit uhell på ein overfylt buss.

http://www.hordaland.no/Aktuelt/Nyhende/Siste-kveld-for-tannlegevakta-i-Vestre-Stromgate