FFO Vestland
Kontaktinformasjon
FFO VestlandVibecke Magnus, fylkessekretær
Mobil: 94487908
Katrine Karlsen, vikar konsulent
E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no
Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)
Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN
Rett til BPA fra 2015
Frå 1. januar 2015 har personar under 67 år rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA) dersom dei har langvarig og stort behov for personleg hjelp etter helse- og omsorgstenestelova.
Langvarig og stort behov vil seie at den det gjeld treng minst 25 timar kommunale omsorgstenester i veka, og blir forventa å ha dette behovet i minst to år.
Lovendringa gir ikkje brukarane rett til meir hjelp, men rett til sjølv å styre den hjelpa dei har krav på frå kommunen. Det er berre omsorgstenester som er omfatta av BPA-ordninga, og helsetenester som til dømes heimesjukepleie fell utanom.
Også personar som treng hjelp til å utøve brukarstyring er omfatta av retten til BPA, til dømes personar med utviklingshemming og mindreårige barn. I slike tilfelle er det ofte foreldre som står for brukarstyringa.