Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

Pasientkurver blir elektroniske

Papirkurver er mye brukt på sykehus, men har en del feilmargin. Derfor er det nå et pilotprosjekt - KULE - for å gå over til elektroniske kurver for pasientene.

Eit viktig skritt for auka pasienttryggleik: Sjukehusa i Helse Vest skal innføre nye og framtidsretta elektroniske løysingar for kurve- og legemiddellogistikk. Pilotering av kurva starta opp på Haukeland universitetssjukehus 5. mai 2015.                                       

 

​Legemiddelkurva er eit viktig arbeidsverktøy for helsepersonell. Der blir det blant anna ført opp ordinering og administrering av legemiddel, og andre observasjonar og målingar for kvar enkelt pasient. Det blir fortsatt brukt papirkurver for mange av dei sentrale arbeidsoppgåvene som skal utførast av klinikarar i helseføretaka. Samtidig er ein stor del av feil og uønskte hendingar relatert til legemiddelhandteringa.

Forbetra pasienttryggleik og gode pasientforløp er viktige mål ved overgangen til elektronisk kurve- og legemiddelhandtering. Pasientinformasjonen vil følgje pasienten uavhengig av kor han eller ho er sjukehuset, og med ein gong vere tilgjengeleg for alle som har bruk for han. Dette vil bidra til å redusere uønskte legemiddelhendingar og støtte opp om gode pasientforløp.

For helsepersonell vil den elektroniske kurveløysinga forenkle arbeidskvardagen blant anna ved å gi støtte til avgjerder om behandling og pleie.

Pilotering av regional løysing

Helse Vest skal innføre regionale løysingar. Kurveløysinga som blir teken i bruk, er velprøvd og i drift på ei rekkje sjukehus i Tyskland. I hovudsak er løysinga ferdig utvikla, men prosjektet har arbeidd lenge og grundig med å tilretteleggje for versjonen i Helse Vest.

Pilotering handlar om å teste ut alle delar ved løysing som generell funksjonalitet, utprøving av nye arbeidsprosessar som følgje av at vi går over til elektronisk kurve, teste at integrasjonar med medisinsk teknisk utstyr og andre delar av pasientjournalen fungerer, og at overføring mellom avdelingar går som planlagt. For å få til ei utprøving som dekkjer alle desse områda, vil det gjennomførast ei omfattende pilotering, som skal skje på Lungeavdelinga, Medisinsk avdeling og Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i 2015.

Lungeavdelinga er først ut og starta opp 5. mai

– Den elektroniske kurva kjem til å endre mykje av arbeidsflyten vår framover. Kurva vil blant anna hente inn informasjon frå andre system på ein rask, nyttig og funksjonell måte, noko som kjem både pasienten og helsepersonell til gode. Det blir nok ein krevjande pilotperiode, for vi veit alle kor vanskeleg det kan vere å innføre nye, komplekse system. Men vi er positive og vi gler oss, seier avdelingsdirektør på Lungeavdelinga, Kahtan Al-Azawy.

Fakta om inovasjonsprosjektet

  • KULE står for Kurve- og legemiddelhandtering
  • Helse Vest har inngått avtale med Baxter AS med underleverandør Meona GmbH, som skal levere ein gjennomgåande elektronisk kurve, som dekkjer alle fagområde.
  • Løysinga inkluderer elektronisk bestilling og lagerstyring for apotekvarer på sykehuseiningane
  • KULE-prosjektet involverer alle helseføretaka i Helse Vest
  • Det blir gjort ei omfattende regional utprøving i 2015 ved til saman 12 einingar på Haukeland universitetssjukehus (Lungeavdelinga, Medisinsk avdeling og Mottaksklinikken).
  • Pilotperioden i KULE-prosjektet starta 5. mai og går ut 2015.
  • Innføring av løysninga i regionen er planlagd til perioden 2016 - 2017
  • Private ideelle institusjoner med avtale med Helse Vest, skal også kunne knyte seg til dei kontraktane som er inngådde.

Saksa fra nettsidene til HelseVest: http://www.helse-vest.no/no/nyheter/Sider/vekas_innovasjon_kule.aspx