Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

Ny behandling av prostatakreft

Nedfrysing er ukas innovasjon i HelseVest

Kvart år får 5000 norske menn prostatakreft. 80 prosent av dei som blir ramma, overlever sjukdommen. Dagens behandlingstilbod for dei som er ramma, kan gi biverknader som urinlekkasje, impotens og redusert tiltakslyst, og nye metodar skal prøvast ut for å betre behandlinga.

​​​​​– Hos ein del menn vil prostatakreft spreie seg til andre organ, og kvart år døyr kring 1000 pasientar av dette. Når sjukdommen først har spreidd seg, finst det inga kurativ behandling per i dag. Det er eit stort behov for å utvikle ny behandling for å hjelpe denne pasientgruppa.  Vi er derfor svært glade for at vi no har kome i gang med forskningsprosjektet vårt på cryoimmunterapi, seier Bjarte Almås, som er lege ved urologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.
 

Haukeland først ute​

Cryoimmunterapi for prostatakreft med metastasar  er ei heilt ny behandlingsform som er i ferd med å bli testa ut for første gang ved Haukeland universitetssjukehus. Ein startar med å hauste celler frå pasientens eige immunforsvar, for så å dyrke desse opp i stor mengde i laboratorium. Svulsten i prostata blir så frose ned på operasjonsstua, før desse cellene blir sette tilbake i svulsten. På bildet over, ser vi at testen viser at frysesondene verkar som dei skal. Bildet er teke av avdelingssjef Christian Beisland​​ ved urologisk avdeling, Haukeland.
 
– Ideen er at desse cellene skal stimulere pasienten sitt eige immunforsvar til å angripe metastasane og dermed gi betre overleving og livskvalitet, fortel Almås.
 
Metoden er utvikla av norskamerikanaren Haakon Ragde og skal prøvast ut på ei gruppe pasientar med prostatakreft som ikkje kan lækjast. Desse har ikkje nytte av standard behandling.
 
I studien ønskjer dei å sjekke om cryoimmunterapi har effekt for pasientane som er med. Resultata vil ve​re klare først eitt år etter behandlinga.
 
– ​​Vi er i gang med første fase av studien, og den første pasienten blei vellykka behandla i begynnelsen av mai 2015. Til saman 20 pasientar skal behandlast før ein kan gjere opp resultata og finne ut om behandlinga er trygg og gir den ønskte effekten, seier urologen.

Fakta om innovasjonsprosjektet

​​Lisens i Europa

Selskapet Alden Cancer Therapy II planlegg og følgjer opp utprøvinga på Haukeland.
 

Finansiering​​​

​Grieg Foundation, B. Friele & sønner, Rederinæringa i Haugesund-regionen, Helse Vest-innovasjonsmidlar, private givarar og Haukeland universitetssjukehus er med i spleiselaget, som kostar om lag seks millionar kroner.
 

Kontakt​

Bergen Teknologioverføring (BTO)
post@bergento.no​