FFO Vestland
Kontaktinformasjon
FFO VestlandVibecke Magnus, fylkessekretær
Mobil: 94487908
Katrine Karlsen, vikar konsulent
E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no
Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)
Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN
Lms
Invitasjon fra Lærings- og Mestringssenteret til brukerrepresentanter eller de som ønsker å bli brukermedvirkere innenfor ulike diagnosergrupper på senteret. Kurset er for de som deltar som brukermedvirkere i utviklingen av lærings- og mestrinstilbudet i spesialist/kommunehelsetjenesten, eller som ønsker å delta i arbeidet. Vårens kurs i 2016 var meget populære så husk å melde deg på snart som mulig.
Kompetansekurs - for deg som vil bli eller er brukarmedvirkar ved LMS
Kurset er for deg som deltek som brukarermedvirkar i utviklinga av læring – og mestringstilbod i spesialist/kommunehelsetenesta, eller som ønsker å delta i dette arbeidet.
LMS er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilboda blir utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehusa, i kommunane og i brukarorganisasjonane. Erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis det er å meistre kvardagen med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Erfarne brukarar kan òg vere familie og andre pårørande. Både den faglege kunnskapen til helsepersonell og brukarane sin erfaringskunnskap er nødvendig for å utvikle gode læringstilbod.
Kurset går over to kveldar og har fokus på rolla som brukar i lærings- og mestringskurs som blir arrangert for pasientar med kronisk sjukdom og deira pårørande.
Innhald og tema som blir gjennomgått
- Om LMS og standard metode
- Brukarrollen
- Gruppen som læringsarena
- Kommunikasjon og helsefremjande samtalar
- Formidling /presentasjonsteknikk
- Praktiske øvingar
Oppstart
Oppstart i uke 42 – kurset går over to kveldar.
Onsdag 19. og 26. oktober frå kl. 16.30 – 21.00
Påmelding til: lms@helse-bergen.no eller ta kontakt på tlf. 55 97 47 80
Ved meldt interesse, blir det sendt stadfesting frå LMS.
Lett måltid, kaffi/te er inkludert i kurset.
Kurset er gratis.
Stad
Kurset blir arrangert i lokala til Lærings- og mestringssenteret
Ulriksdal 2, 4. etasje 5009 Bergen.