Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

Hordalending forsker på trafikkskader

Ho er frå Radøy og bor i Bergen. No forskar ho på nakkeslengskader som følge av trafikkulykker.

I tre år har Solbjørg Makalani Myrtvedt jobba med eit prosjekt om nakkesleng. Onsdag 13. mai disputerte ho til doktorgraden ved Universitetet i Bergen. Doktoravhandlinga hennar er basert på data frå to store helseundersøkingar. Solbjørg har studert risikofaktorar for langvarige plager etter nakkesleng. Nakkeskader, inkludert nakkesleng eller whiplash, er blant dei vanlegaste skadane ved trafikkulukker i Noreg. - Dei aller fleste vert raskt friske og treng ikkje behandling. Men nokon får langvarige plager.

Studiane i avhandlinga mi viser at individ som har dårleg helse før ei whiplash-ulukke har auka risiko for å utvikla kronisk whiplash. Det same gjeld individ som brukte mange medisinar og helsetenester før ulukka, seier Solbjørg.

 I avhandlinga si peikar ho også på at pasientar som i akuttfasen etter whiplash trur at dei vil trenga medisinar eller sjukemeldingar for å bli betre, også har større risiko for å ha nakkesmerter og nedsett arbeidsevne eitt år seinare.

- Me veit ikkje kvifor det er sånn, men uansett kva som er grunnen til at dårleg helse og det å rekna med å trenga medisinar og sjukemelding, heng saman med risiko for langvarige plager, så er dette nyttig informasjon. Slik informasjon kan brukast til å identifisera dei individa som har auka risiko for kroniske plager, slik at dei som treng det kan få tidlegare hjelp, forklarer Solbjørg.

Sidan tidlegare helse og pasientar sine tankar kan seie noko om prognose, tenkjer folk av og til at nakkesleng er «psykisk». Solbjørg ynskjer å leggja vekt på at det ikkje er slik, og at pasientane sine smerter er like reelle sjølv om det er mykje rundt kroniske smerter legar og forskarar framleis ikkje forstår.

Les mer på nettsidene til Strilen: http://www.strilen.no/arkiv/Nyheter/Doktorgrad-om-nakkesleng-317497.html