Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

HelseVest har ny behandling av panikkangst

Dei har panikkangst og dei ønskjer å finne ein veg ut av det. Gjennom 12 veker har dei trena kondisjon to gonger i veka åleine og ein gang saman med ein terapeut, i tillegg til terapeutassistert internettbehandling, eMeistring. Dei har delteke i ein studie som er den første i sitt slag, og no kjem snart resultata.

Vekas innovasjon: Behandling av panikkliding                    

Tre personer trenger på ergometersykkel. Foto.
                        
              
Studien undersøkjer om kombinasjonen av fysisk aktivitet og rettleia sjølvhjelp i form av terapeutassistert internettbehandling (eMeistring), er gjennomførbar behandling for panikkliding.

Kva er panikkliding?

Panikkliding er ein tilstand der ein gjentekne gonger får panikkanfall som er kjenneteikna av fleire av dei følgjande symptoma: hjartebank, kjenne seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme/uroleg mage.

Kombinasjon av behandlingar

Deltakarane som har vært med i prosjektet har motteke to typar behandling for si panikkliding; Kognitiv åtferdsterapi og fysisk trening.  Gjennom 12 veker har dei trena kondisjon to gonger i veka åleine og ein gang saman med ein terapeut. Samstundes har dei arbeida med spissa behandling for panikklidinga gjennom rettleia sjølhjelp i form av terapeutassistert internettbehandling (eMeistring). Denne delen har kravd omkring ein time kvar dag.

Hensikta

Hensikta med prosjektet er å undersøkje om desse to behandlingane kan kombinerast i eit format som lar seg gjennomføre og er praktisk både for deltakarane og institusjonen. Dette kan gi eit behandlingsformat som gjer det mogleg å utnytte dei dokumenterte effektane av fysisk aktivitet i kombinasjon med anbefalt behandling (kognitiv åtferdsterapi), utan at belastninga på deltakaren blir for stor.

Dette er viktig, då både Solli si forsking på dette, og internasjonal forsking, viser at fysisk aktivitet reduserer dei sentrale symptoma ved panikklidinga, men effekten ikkje er tilstrekkeleg til at trening kan vere ei sjølvstendig behandling. Samtidig viser nyare forsking at effektane fysisk aktivitet har på hjernen, kan betre effekten av nettopp kognitiv åtferdsterapi.

Resultat kjem i april

Såleis vil ein kunne forvente ein positiv effekt ved kombinasjonen om det ikkje blir for belastande å gjennomføre begge deler samtidig. Erfaringane så langt er positive, og førebels resultat blir publisert i april i tidskriftet Cognitive Behaviour Therapy.

Studien er den første i sitt slag, og resultata vil danne grunnlaget for å vurdere om ein slik behandlingskombinasjon kan evaluerast i ein større studie.

Fakta om innovasjonsprosjektet

Innovasjonsprosjektet blir gjennomført som del av ei master-utdanning. Forutan personale ved Solli DPS, samarbeider prosjektet både med Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo, i tillegg til eMeistring i Helse Bergen.

Kontakt

Solli DPS Osvegen 15 5228 Nesttun E-post: post@solli.no

Sakset fra nettsidene til HelseVest: http://www.helse-vest.no/no/nyheter/Sider/Vekas_innovasjon_panikklidelse.aspx