Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

Etterlyser tiltak for unge uføre

Høgre-politiker i Lindås spør kva kommunen kan gjere for unge uføre

Det er ordførarkandidat May-Eva Sandvik som tek saka opp i kommunestyret kommande torsdag, som eit skriftleg spørsmål til ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Sandvik tek opp saka etter at ho sjølv har møtt ungdommar som er ein del av uførestatistikken, og ho ønskjer å få tala på bordet for korleis situasjonen er i Lindås i dag.

– Eg har fått høyra historiene deira, og eg må seia at dette er noko av det som har gjort sterkast inntrykk i dei snart tolv åra eg har vore politisk aktiv. Dette er heilt ufatteleg trist, skriv May Eva Sandvik i grunngjevinga for spørsmåla i interpellasjonen.

Tal frå Nav viser at andelen unge uføre i Norge har auka med 50 prosent dei siste fem åra. Sandvik presiserer at ho ikkje går til «angrep» på unge uføre, anten vedtaka om uførepensjon er gjort på grunn av fysiske lyter, psykiske lidingar eller andre diagnosar. Ønsket hennar er å finna ut kva kommunen kan hjelpa for å få flest mogleg ungdommar ut i arbeidslivet, heller enn å verta skubba ut i uførepensjon frå ung alder.

– For meg handlar dette om ungdommar, som etter mi meining er ressurssterke og arbeidsvillige, men som med vedtaket frå NAV i handa er erklært varig arbeidsuføre. Dei tilfella eg kjenner til er gutar i sin beste alder, med førarkort og andre sertifikat for ulike maskiner, men i følgje vedtaket om uførepensjon frå NAV heilt dei ubrukelege i arbeidsmarknaden, skriv Sandvik i si grunngjeving.

– Me kan ikkje ha det slik at ungdommane våre vert ekskluderte på denne måten, og er alle «steinar snudd» før vedtaket om 100 % uførepensjon vert gjort?

Dei konkrete spørsmåla som Sandvik vil ha svar på er:

1. Er det mogleg å talfesta kor mange unge uføre det er i Lindås, og i Nordhordland som region?

2. På generelt grunnlag, kva vurderingar ligg til grunn for tilståing av 100 prosent uførepensjon for denne målgruppa?

3. Kva rutinar har Nav for oppfølging av unge uføre?

4. Kva vert gjort, både lokalt og sentralt, for å få denne gruppa reaktivisert?

5. Kva vert gjort for å få gruppa unge uføre kvalifisert til arbeidslivet?

6. Lindås kommune er ei IA- bedrift som mellom anna tilbyr praksisplassar. Er det andre ting me som kommune kan bidra med, og samarbeida om, for denne målgruppa?

Ordførarkandidat Sandvik vil få svar i kommunestyremøtet torsdag.Sakset fra Strilen: http://www.strilen.no/arkiv/Nyheter/Etterlyser-tiltak-for-unge-ufore-324324.html