FFO Vestland
Kontaktinformasjon
FFO VestlandVibecke Magnus, fylkessekretær
Mobil: 94487908
Katrine Karlsen, vikar konsulent
E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no
Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)
Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN
Dyslektiker får tyvstarte yrkeskarrieren
Ved hjelp av utplassering i skoleuka, kan 14 år gamle Scott-René som har dysleksi oppleve mestring, og samtidig få en tyvstart på karrieren.
Sjølv om han berre er 14 år gammal, har Scott-René Dale allereie godt med yrkeserfaring. Sidan starten av 8. klasse har Scott-René nemleg berre hatt fire vanlege skuledagar i veka saman med klassekameratane på Rossland skule. Kvar fredag er han utplassert hos Lindås og Meland Brannvern. Eg stortrivst her, fastslår Scott-René. 9. klassingen har dysleksi, og er dermed ikkje blant dei som har lettast for å læra det teoretiske. På den nye brannstasjonen på Alverflaten får han gjera praktisk arbeid. Eg gjer alt muleg, eigentleg. Vaskar golv, reingjer slangar og liknande, fortel Scott-René.
Medan mange 14-åringar er veldig usikre på kva dei skal bli, har utplasseringa på brannstasjonen gjort Scott-René overtydd om kva som vil vera det rette for han. - Eg har lyst til å bli brannmann. Det er så kjekt her på stasjonen at eg verkeleg vi satsa på dette, seier Scott-René.
http://www.strilen.no/incoming/Tjuvstartar-yrkeskarrieren-236535.html