Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag, annenhver fredag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

20 år med hjelp til allergipasienter

 

20. april 1995 tok Seksjon for klinisk spesialallergologi imot sin første pasient. Sidan den tid har seksjonen hjelpt tusenvis av pasientar med ulike typar allergi.                   

​I desse dagar feirar seksjonen 20 års-jubileum, mellom anna med jubileumsmiddag og miniseminar. Dei nyttar også anledninga til eit namneskifte, og vil truleg snart heite Allergisenter Vest, med ALV som forkorting.

Senteret har drive mykje forsking desse 20 åra. Den forskinga som kanskje har fått størst merksemd, er studien av det hostedempande middelet i Tuxi, nemleg folkodin. Her var professor Erik Florvaag, som i 1995 starta Seksjon for klinisk spesialallergologi, i førarsetet.
- Det hostedempande middelet folkodin viste seg å ha ei tidligare ukjent evne til å produsere  IgE-antistoff mot seg sjølv. Nokre av desse antistoffa viste seg også å kunne binde narkosemiddel som lammar musklane, fortel Florvaag.
Dette igjen betydde at det å bruke den populære Tuxi-hostesafta auka risikoen vesentleg for å få alvorleg allergisk reaksjon (anafylaksi) under narkose.
- Tuxi vart tatt av marknaden i Noreg i 2007, og sidan har talet på alvorlege allergiske reaksjonar under narkose gått vesentleg ned, opplyser Florvaag. I Norden bruker no ingen land folkodin i hostemiddel.

Ulike problemstillingar

Forsking er ein viktig del av senteret sitt arbeid. Hovudmålet med senteret er å bygge opp ein tverrfagleg kompetanse for problemstillingar innan yrkesallergi, multiorganallergi, anafylaksi (allergisk sjokk), legemiddelallergi og matoverfølsemd.
- Senteret er ein tverrfagleg allergologisk spesialpoliklinikk som skal supplere den allergologiske verksemda som blir utført ved andre avdelingar på sjukehuset, seier overlege og senterleiar Torgeir Storaas.
-Vi driv med utgreiing og behandling av reaksjonar og overfølsemd som ikkje lar seg handtere tilfredsstillande på andre nivå i helsetenesta.

Aukande behov

I 2013 vart det utført 2239 pasientkonsultasjoner ved senteret, på 748 unike pasientar. Den største gruppa er allergivaksinasjon, som i 2014 var 735 konsultasjonar, deretter matallergi/-intoleranse med 528.
- Talet på tilvisingar til senteret er aukande, fortel Storaas.
-Vi tar i mot om lag 50 nye pasientar kvar månad. Det er vanleg med minst 1-2 kontrollar, og hos mange er det langvarig oppfølging og tidkrevjande provokasjonar.  Vi trur behovet for allergisenterets tenester vil auke også i åra som kjem.

Mange spesialitetar

Ved senteret er det tilknytt spesialistar i øyre-nase-hals, barnemedisin, lunge og mage-tarm.

-Astma, allergi og andre overfølsamheitssjukdommar viser seg ofte ved eit komplekst sjukdomsbilde som krev utgreiing frå fleire faggrupper, forklarer Storaas.
- Vi er glade for å ha eit godt samarbeid med hudlege tilknytt Yrkesmedisinsk avdeling, arbeidsmedisinsk poliklinikk med provokasjonskammer, og Allergilaben (Seksjon for allergi- og proteinanalyser) ved Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB).
Kjernefunksjonane i pasientarbeidet er hudprikktest, blodprøvar, spirometri og provokasjon. For nokon handlar det om å få bekrefta ein mistanke, hos andre blir mistanken avkrefta.
-Til dømes kan det vere livreddande å få klarlagt kva for medikament ein pasient ikkje kan få ved seinare narkosar, og det kan bety veldig mykje for livskvalitet å få avklart kva matvarer ein kan gjeninnføre i kosten, og kva ein faktisk ikkje toler, seier Storaas.
- Nokon pasientar kan ha stått i årevis på ein svært streng diett, og kan for eksempel gjeninnføre mjølk eller kveite.

Fra nettsidene til Helse Bergen: http://www.helse-bergen.no/no/nyheter/Sider/20-år-med-hjelp-til-allergipasientar.aspx